Nissesøndag på Ertehytta

Postet av Tistedalen FL den 13. Des 2016

Gråvær som i fjor, men ikkje noko regn. Unge, og ikkje fullt så unge TFL`arar samla seg i store mengder i Ertemarka for å sjå om nissen dukka opp. Barnas Turlag arrangerte nissemarsj frå det nye, flotte skianlegget på Ertemoen. Hytta var full av glade turgåarar som kosa seg med vafler og graut, og nissen spela trekkspel.

Litt føre tida dukka Fjordnissen og Nissemor opp i skogholtet, og dei mest vågale borna terga nissane. Det vart budd opp til gange rundt treet, utan og med musikk. Etter nokre rundar braut Fjordnissen ut og flokken gjekk til bålpanna for å få posane sine. Ryktene vil ha det til at det vart delt ut omlag 120 gøttepåsar til dei unge, håpefulle.

Etter utleveringa roa det seg og folk kosa seg, ute og inne. Bål og peis, kaffi og anna. Dei gode hjelparane på Ertehytta fekk òg graut som takk for innsatsen, som i dag var stor. Og jammen vart det litt pengar til TFL-kista òg. Go`Jol!

Bilder er levert fra flere på arrangørsiden



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.